Kombucha for nybyrjarar

Genrell info:
Tidsrom: Måndag 22. juli
Antall deltakarar: Minimum 3, maksimum 10
Pris: 400,-

Kursskildring

Kombucha er ein syrleg, frisk og ofte lett sprudlande leskedrykk framstilt av te tilsett ein symbiotisk kultur av bakteriar og gjær. Under gjæringsprosessen dannar det seg ein lodden kvit kultur på overflata av teen (SCOBY), som vidareførast frå brygg til brygg saman med noko av den ferdige væska. Kombucha blir fermentert med tilgang på oksygen og er dermed tilnærma alkoholfri. Drykken har lang tradisjon blant anna i Japan, Korea og Russland, men det er først dei siste par åra han har dukka opp på butikkhyller og kjøkkenbenkar her til lands.

På dette krasjkurset i kombuchabrygging går vi gjennom drykkens historie, kva særskilte kvalitetar han har, og grunnleggande framgangsmåte for for oppnå god smak og unngå feilskjær ved enkel fermentering og etterfermentering. Kurshaldar gir erfaringsbaserte svar på alle dei mest presserande spørsmåla ein nybyrjar står overfor. Herunder blant anna:

  • Korleis ser eit friskt brygg ut? Er dette mugg? Skal det smake sånn?
  • Er kombucha sunt?
  • Kva gjer eg dersom brygget har stått for lenge og blitt for surt?
  • Kva utstyr treng eg til å brygge kombucha?
  • Kva slags te er best? Kva typer te bør ein unngå?
  • Kva er den kvite greia på toppen?
  • Kor mykje kan eg drikke av det?
  • Kva gjer eg dersom eg ynskjer å ta ein pause frå brygginga?

Som del av kurset blir det delt ut smaksprøver på eit par ulike typer brygg, og den som vil kan få med seg ein slant startkultur og SCOBY-baby heim i eige glass. Det blir òg gitt smaksprøver og døme på nokre andre produkt ein kan lage med kombuchabrygg: eddiksirup og søte tesopputer.

Det er ikkje behov for medbrakt materiell.

Om kurshalder:
Hjørdis Maria Longva er ein sjølvlært nyttevekst- og fermenteringsentusiast frå ytre Sunnmøre. Ho tjener til livets opphald på heilt andre arenaer, men brukar mykje av fritida si på sanking, dyrking og utforsking av nye råvarer. Hjørdis har tidlegare halde kurs i spiredyrking på Underleir, og har ei sterk medfødt interesse for fermenterte drikkevarer, herunder temadrykken for årets kurs: kombucha.