Traktorsafari til Jenstad

Generell info:

Tidspunkt: Onsdag 24. juli
Antall deltakarar: Minimum 10, maksimum 30
Pris: 700,- (mogleg lågare dersom stor gruppe)

Kursskildring

Bli med på dagstur til Jenstad og Åmotan med Anders Hovde og Visit Waterfalls. Me ordnar transport frå Phillipshaugen kl 10.00 og er framme på Jenstad ca kl 1100. Her vil vår turguide for dagen, Anders Hovde, ta imot oss og gi ein kort introduksjon til historia for Jenstad, Åmotan og terrenget rundt, avsmeltingshistorie, folkeliv, dyr og planter. Deretter er det klart for traktorsafari!

Vi går om bord i “safarihengaren” og køyrer mot Middagshjellene, som ligg ca 800 m over havet. Der er det ei flate på ca 250 dekar som er botnen i den gamle bredemte innsjøen som låg her i tidsrommet 14000 år til ca 12000 år før vår tid. På denne flata ligg det tre setrar. Ved Lokkarbekken, i nærleiken av setrane, ligg eit tjørebrenneri som har vore i drift sidan 1985. Her har vi bord, benker, gapahuk, danseplatting og spelemannsbu. Hovde forklarar og fortel om furua, tjørebrenneriet og prosessen.

Vi får servert rømmegraut og spekemat med drikke til og kaffe attåt ved tjørebrenneriet. Hovde har på førehand fyrt opp i grilltanken og gjort klart. Dersom vêret er dårleg blir serveringa flytta til  Jenstadfjøset ved retur til Jenstad.

Her er ein videosnutt som syner noko av opplegget for turen:

.

Turleiar: Anders Hovde 

Anders Hovde er utdanna sivilagronom i jord- og plantekultur fra Landbrukshøyskolen på Ås (1967) og har sidan jobba med planlegging av dyrking, dreneringsspørsmål og klassifisering av jord og kvartærgeologi i Det norske myrselskap, Det norske jord- og myrselskap, Jordforsk, Bioforsk, Jord og myr, og hjå Fylkesmanen i Møre og Romsdal. Hovde bur no i Utvalgt Landskap på Jenstad, der han blant anna har sett opp opplysningsskilt om terreng, avsmeltingshistorie, dyr, fugler og planter i området. Om somrane guidar han turistar i regi av Visit Waterfalls og driv med tjørebrenning, urtemedisin og mykje anna.

(foto: Visit Waterfalls)